REISEGØY: Innholdsrike turer som tar utgangspunkt i hobbyen og interessen til godt voksne. KLIKK HER!

oppslag

Juleglimt frå barndomstida

Norsk Barneblad kom for tre år sidan med eit nostalgisk julehefte om jula på 60-talet. Eit hyggeleg gjensyn med jula og juleskikkar for over 50 år sidan. Den gong skulle jula helst vere heimelaga og ikkje kjøpt, gamle tradisjonar skulle haldast i hevd, samtidig som vi skulle vere med i tida. Ikkje så ulikt slik det er i dag.

Tekst: Norsk Barneblad
advent majorst fam 60 preview scale 100 ppi 300 quality 100
ADVENT. På skulen lærte vi barna julesongar i desember, og like oppunder jul var det juleverkstad der vi laga julepynt. Men adventstid med familiekos og førjulsglede var enno ikkje så vanleg. Advent var ikkje jul. Jula starta på julaftan. Ikkje før.
ob.f09688 preview scale 100 ppi 300 quality 100
JULEHANDELEN. Det var handelsstanden som stod for juleutstillingar og julegater. Her frå Øvre Slottsgate i Oslo i 1962. Stadig fleire og freistande moderne varer lyste mot oss frå butikkvindauga. Sjølv om kjøpegåver i harde pakkar var sterkt ønskte, så var omtrent 80 prosent av pakkane heimelaga gåver og gjerne mjuke. Berre 20 prosent av gåvene var kjøpte. I 1960 låg oljen enno langt under bakken. Folk tente lite. Ei normal årsløn var rundt 14.500 kroner. Og dei fleste familiar levde på ei inntekt. Velstandssamfunnet vårt var på veg, men vi var framleis eit stykke unna.
julekort sms008 preview scale 100 ppi 300 quality 100
JULEHELSINGA. Å sende og å få julekort var viktig. Juleposten var eit synleg teikn på kor populær du og familien din var. Å få mange og fine julekort frå fjern og nær, gjerne Amerika-brev, var viktig.
kk60 0007 1 preview scale 100 ppi 300 quality 100
DEN HEIMELAGA JULA. Jula var heimlaga tidleg på 60-talet. Å vere husmor på denne tida var ein fulltidsjobb med mykje overtid. I løpet av desember skulle ho skulle vaske ned og pynte huset og sy kjolar til seg og døtrene, lage julegåver og bake minst sju sortar julekaker. Det var forventa at ei husmor kunne ta ein halv gris og forvandle han til ribbe og pølser, rull og sylte.
julehefter
JULEHEFTE. Å selje julehefte var måten for oss barn å tene eigne pengar på. Dei vaksne tok alltid vel imot oss, og det var sjeldan nei å få. Det gjaldt berre å bli samde om kven som skulle selje kvar, så ein ikkje gjekk til same husa. Eigne pengar var fantastisk. Lommepengar var det nesten ingen som fekk. Det var forventa at vi hjelpte til heime utan betaling for arbeidet.
kakebakst preview scale 100 ppi 300 quality 100
JULEKAKENE. Sju sortar skulle husmora bake av julekaker. Minst. Mange meinte at det måtte vere tolv sortar. Husmora måtte starte tidleg med kakebakinga, om ho skulle rekke alle før julekvelden.
sjf f.008651 preview scale 100 ppi 300 quality 100
JULETRE. Juletreet blei hogge i den næraste skogen. Kanskje etter avtale med skogeigaren og kanskje ikkje. Først i 1961 blei ein kornåker gjord om til juletrefarm. Skikken med juletre hadde blitt så utbreidd at det måtte regulering til. Alle skulle ha juletre. Mange skogeigarar var leie av folk som tok seg til rette.
kvinner og klar 0016 preview scale 100 ppi 300 quality 100
NYE KLEDE TIL JUL. Med berre ei inntekt i familien måtte husmora vere smart. Konfeksjonsklede var dyrt, og dei fleste husmødrene kunne sy sjølve. Dei nye julekleda burde vere så praktiske at dei ikkje berre kunne brukast til jul, men også resten av året.
00018983 preview scale 100 ppi 300 quality 100
JULEPYNTEN. Det meste av julepynten var heimelaga. Vi fletta korger av glanspapir, sydde filthjarte, limte i hop lenker, fiksa englar av pappmasjé eller trolldeig, laga bjøller av eggekartongar. Halm og spon blei fin pynt. Dorullnissar var ein heilt naturleg del av jula vår. Dei fine gamle glaskulene blei forsiktig pakka opp og ned kvart år. Dei var noko av det finaste og dyraste vi hadde av pynt til treet. Stjerna eller spiret i toppen av treet var som oftast også kjøpt.
julemusikk
JULEMUSIKKEN. Det blei ikkje spela julemusikk offentleg i førjula. Både i radioen og i fjernsynet blei julesongane og juleplatene spela berre i sjølve jula. Alle familiar hadde vel sine eigne juleplater, som blei tatt fram igjen og igjen. Kanskje var det dei tradisjonelle norske julesongane, kanskje Jussi Björling eller Jim Reeves.
dex pr 000009 preview scale 100 ppi 300 quality 100
JULEKVELDEN. Klokka fem på ettermiddagen ringer jula inn. Då er det mange som benkar seg rundt bordet og får servert jule-middagen, som kan vere nytrekt torsk, pinnekjøt eller ribbe, dei vanlegaste julemiddagane på denne tida. Etterpå er det langtekkeleg oppvask for hand. All den feite maten må raskt fjernast frå serveringsfat og tallerkar. Så er det tid for kaffi og julekaker. Og endeleg kan vi gå rundt juletreet og synge det vi kan – bukke, nikke, neie, snu oss omkring. Dei fleste familiar går rundt treet og syng alle julesongane dei kan, og dei kan mange. Eg hugsar enno kor fint eg syntest det var. At heile familien song og smilte til kvarandre.
00019332 preview scale 100 ppi 300 quality 100
JULEGÅVENE. Julegåvene er ofte mjuke pakkar. Varme sokkar, vantar, genserar, jakker og andre nyttige klede som mottakaren treng. Eller julegåva kan vere mat, nedsylta eller tørka frukt, tørka bær eller sopp, fenadlår, morrpølser, saft, flatbrød, godteri og kaker. Kjøpegåver er det mindre av og dess meir gjævt er det å få slike. Berre mellom 20 og 30 prosent av gåvene på 60-talet er kjøpte, det meste er heimelaga. Det var heller ikkje mange gåver til kvar av oss. Vi hadde aldri problem med å hugse kven vi fekk kva ifrå. Populære kjøpegåver i harde pakkar var bøker for vaksne, leikebilar for gutar og dokker for jenter.
jul60013 preview scale 100 ppi 300 quality 100
NYÅRSAFTAN. Nyårsaftan blei som oftast markert i heimen. Det var ikkje så veldig vanleg med store feiringar, men ein god middag og godt drikke høyrde til. Ungdommen møttest gjerne til fest. I bygdene var det kanskje på ungdomshuset. I bygarden kunne vaskekjellaren komme godt med. Sidan 1960 har Kongens nyårstale blitt send halv åtte. Fyrverkeri kunne det òg bli, både knallrakettar og romerske lys – men i mykje mindre omfang enn i dag. Stjerneskot var ei trøyst når rakettane var ferdige.