Inka trail til Machu Picchu – Verdas flottaste fottur!
Bli med på ein innhaldsrik tur til Peru! Denne turen er med norsk turledar (Jarle Trå) i motsetning til dei ordinære turane som blir leda av lokal turledar.
DET BESTE AV SØR-AMERIKA
Å gå Inka Trail fram til Machu Picchu er ein av dei flottaste og mest berømte vandreturane i verda. Men denne turen til Peru inneheld så mykje meir enn det: Amazonasjungelen, Titicacasjøen, Nazcaørkenen og Ballestasøyane – også kalla Peru sitt svar på Galapagosøyane. Og dersom du ønsker det kan du også besøke det verdskjente Rainbow Mountain.
AVREISE: 14. oktober 2027 – 18 dager
Pris per person fra kr 67 900,- i dobbeltrom
Høydepunkter
– Fottur – 4 dagers Inka trail til Machu Picchu
– Amazonasjungelen
– Titicaca sjøen
– Nazcaørkenen
– Ballestasøyane
Dei fleste av oss ønsker ein eller annan gong i livet å oppleve Sør-Amerika. Naturen og kulturen er fascinerande og heilt annleis enn det me er vant med. Men det er langt å reise og for mange vil ein tur dit vera noko ein kun gjennomfører ein gong i livet. Derfor gjeld det å oppleva det mest karakteristiske, spesielle og spektakulære når ein først er der.
Dersom ein fekk valget om kva attraksjonar i Sør-Amerika ein ville oppleva, ville kanskje dei fleste svart Inka Trail, Machu Picchu, Rainbow Mountain, Amazonas-jungelen og Titicaca-sjøen. Eg har derfor satt sammen ein tur som inneheld blant anna desse attraksjonane (Rainbow Mountain er frivillig).
Peru er kanskje verdas mest varierte land når det gjeld natur. Snøkledte fjell over 6000 meter (Andesfjella), verdas største og mest artsmangfaldige jungel (Amazonasjungelen), ørken med nokre av verdas største sanddyner (Nazcaørkenen), verdas mest fargerike fjell (?) (Rainbow Mountain), verdas høgaste navigerbare innsjø (Titicacasjøen) og Peru sin versjon av Galapagosøyene (Ballestasøyane). På denne turen kan du oppleva alt sammen. Tilbakemeldingane frå deltakarane er eintydige – dette er ein tur der ein får utruleg mange inntrykk og opplevelsar i løpet av kort tid.
Men sjølv om attraksjonane står i kø, er det sannsynlegvis vandreturen langs Inka Trail fram til Machu Picchu som vil vera høgdepunktet for dei fleste. Dette er ein 4-dagers tur (3 overnattingar i telt) der du vandrar i dei fantastisk flotte Andesfjella på høgder opp til 4200 meter.
Når ein i tillegg får besøke Inka-hovudstaden Cusco og fleire andre viktige historiske kulturminner, samt ein av verdas største byar Lima, seier det seg sjølv at det er lite tid til å kjeda seg på denne turen!
Les dagbøkene frå alle mine tidlegare turar på nettsida for mine ordinære Peru-turar (eg arrangerer opptil 5-6 grupper i året til Peru).
NB! Dersom du ikkje er i god nok form til å gå Inka Trail, kan du likevel vera med på turen. Sjå meir info lenger nede.
Viktig!
På grunn av at det kun er 500 personer som får lov til å starte på sjølve Inka Trail kvar dag (inkludert bærarar og guidar), anbefaler eg at du melder deg på tidleg på denne turen. Det er ikkje mogeleg å reservera plassar på Inka Trail. Det varierer kor tidleg det blir utsolgt, men eg anbefaler at du melder deg på minimum 7 månader før turen startar. Du må gjerne ta kontakt om det nærmar seg avreise også, så kan eg sjekke om det er ledige lisensar tilgjengeleg.
Dagsprogram
Dag 1. Fly fra Oslo til Sør-Amerika
Me flyr over Atlanterhavet mot det store Sør-Amerika eventyret.
Dag 2. Lima
Me landar i Lima tidleg om morgonen og startar derfor turen med ein roleg dag etter den lange flyturen. Me skal på sightseeing i denne spennande storbyen, og me får også litt tid til å oppleve byen på eiga hand dersom me ønsker det.
Dag 3. Flyr fra Lima til Puerto Maldonado
Etter frukost flyr me over Andesfjella til Puerto Maldonado langt inne i jungelen. Frå Puerto Maldonado blir me frakta i motoriserte kanoar oppover elva Madre de Dios til dei eksotiske jungel-bungalowane som me skal bu i dei neste to nettene. Me drar ut på tur i området, både til fots og med kano. Me studerer det særegne dyrelivet i jungelen, blant anna apekattar, papegøyar, piraya (kanskje får du ein på kroken…), skilpadder og kanskje til og med den sjeldne elve-oteren og kaimanen (krokodille). Er du ekstremt heldig får du også sjå jaguaren.
Dag 4. Amazonas jungelen
Me fortsetter utforskinga av dyrelivet i området og me drar kanskje på båttur til ein liten innsjø i nærleiken. Me besøker kanskje også ein shaman, som er den lokale medisinmannen (heksedoktoren…) for stammefolket som lever i nærleiken. Me går trappene opp i det 37 meter høge tårnet der du får oversikt over jungelen frå oven, kanskje ser du Andesfjella i det fjerne dersom det er god sikt.
(Detaljane i programmet mens me er i jungelen vert bestemt ut frå kva guidane anbefaler når me er der).
Dag 5. Puerto Maldonado – Cusco
Me blir frakta i kanoar tilbake til Puerto Maldonado og deretter flyr me til fantastiske Cusco, «Inkaenes hovudstad». Resten av dagen er til eigen disposisjon. Cusco er ein utruleg spennande by å utforske på eigen hånd, med alle dei små sjarmerande gatene og butikkane.
Dag 6. Cusco
Me tilbringer første del av dagen på sightseeing i Cusco – denne heilt spesielle byen som ligg 3400 moh, og som mange meiner er den mest spennande i heile Sør-Amerika. Me besøker fleire flotte turistattraksjonar både i byen og i fjellsidene rundt. Dette er også ein perfekt dag som akklimatisering til Inka Trail.
Dag 7. Cusco (og frivillig tur til Rainbow Mountain).
Denne dagen er til eigen disposisjon, og dette er også ein viktig dag med tanke på akklimatiseringa fram mot Inka Trail som startar i morgon. Dersom du ønsker det kan du bli med på ein busstur/vandretur til det verdenskjente Rainbow Mountain (frivillig, ikkje inkludert), ein attraksjon som har blitt veldig populær dei siste åra. Frå der bussen stoppar er det ca. 3 timars roleg vandring til Rainbow Mountain (tur/retur). Turledaren kan også foreslå andre aktivitetar, f.eks. ein vandretur i nærområdet rundt gamlebyen. (NB! Eventuelle aktivitetar denne dagen, ut over ein vandretur/sightseeing med turledaren, er ikkje inkludert i prisen. Alle må sjølvsagt ikkje velge det samme). Om kvelden er det pakking og forberedelsar til eit av dei store høgdepunkta på turen – Inka Trail.
Dag 8 til dag 11. Inkatrail og Macchu Picchu
Me blir transportert til startpunktet på Inka Trail. I løpet av fire dagar vandrar me denne berømte stien fram til Machu Picchu. For mange er dette høgdepunktet på turen, og vil gje deg minner som du aldri vil gløyme.
Me skal over tre fjellpass på den totalt 44 kilometer lange vandringa over fire dagar. Stien er svært god, men kupért – opp og ned langs fjellryggar og nede i dalar. Men det er ingen problem om du har høgdeskrekk, det er ingen stader stien er eksponert slik at det er skummelt.
Kokkane våre ordnar dei mest imponerande måltid undervegs, og bærarane våre setter opp telt og ordnar alt det praktiske for oss. Sjølv bærer me berre ein lett dagstursekk som inneheld kun det me treng i løpet av dagsmarsjen.
Når me kjem fram til Machu Picchu får me først ein historisk og kulturell omvisning før me får litt tid til å nyta denne fantastiske staden på eigen hånd. Det er ikkje så mykje meir å sei om Inka Trail og Machu Picchu… det må berre opplevast! Om kvelden den siste dagen tar me toget frå Aguas Calientes ved foten av Machu Picchu tilbake til Cusco, gjennom ein trong og spektakulær «jungeldal» – ein artig opplevelse i seg sjølv.
Dag 12. Flyr fra Cusco til Lima og buss til Paracas
Om morgonen flyr me tilbake til Lima, og deretter buss nedover Stillehavskysten til Paracas.
Dag 13. Ballestasøyene og Huacachina
I dag skal me verkeleg oppleve mykje spennande! Dagen startar med ein båttur som du ikkje kjem til å gløyme så fort. Ballestasøyane blir kalla Perus Galápagos-øyar fordi dei har eit svært spesielt fugle- og dyreliv. Me får sannsynlegvis sjå sjøløver, sel, pingvinar, flamingoar og tusenvis av andre sjøfuglar – ein utruleg kontrast til den golde ørkenen berre nokre mil unna. Etter lunsj køyrer me opp til Huacachina for ein adrenalinfylt køyretur i nokre av dei største sanddynene i verda. Dyktige og erfarne sjåførar køyrer dei svære buggyane opp og ned sanddynene som om det var det mest naturlege i verda. Du får også sjansen til å prøve deg på noko så eksotisk som sandboarding ned dei store sanddynene dersom du ønsker det (å sitte eller ligge på brettet er mykje enklare enn å stå…). Kontrasten du får oppleve i dag – hav og ørken – kan nesten ikkje bli større.
Dag 14. Parcas
Dei som ønsker det, kan ta ein flytur over dei verdenskjente Nazca-linjene om morgonen (frivillig, ikkje inkludert). For dei som ikkje ønsker det, kan det sikkert friste med nokre timar ved bassenget der du kan nyte sola (Ica er ein av stadene det regnar minst i heile verda, så her trur eg at eg kan garantere sol…), eller du kan vandre litt rundt på eiga hand, eventuelt saman med turledaren dersom de vil ha ein liten mini-sightseeing. Om ettermiddagen køyrer me buss tilbake til Lima.
Dag 15. Paracas til Puno
På formiddagen blir me transportert til flyplassen i buss. Etter ein flytur til Juliaca fortsetter me i buss til Puno som ligg ved breidda av Titicacasjøen, verdas høgaste navigerbare innsjø (dvs. at det går store båtar på den), 3812 moh. På den andre sida kan ein på klare dagar sjå 5-6000 meter høge snøkledte Andesfjell raga over innsjøen. Eit spektakulært skue.
Dag 16. Urosøyane, Titicacasjøen – Lima
Me besøker i dag dei heilt spesielle flytande øyane på Titicacasjøen, Urosøyane. Her får me ein omvisning korleis dei bygger dei spesielle øyane (dei er faktisk bygd av menneske…) og korleis det veldig spesielle samfunnet fungerer her ute. Me vert også med på ein båttur i ein sivbåt som ser ut som ein liten versjon av Kon-Tiki, flåten som Thor Heyerdal fekk bygt ved Titicacasjøen i 1947 og som han segla frå Lima til dei Polynesiske øyane Raroia. Om ettermiddagen flyr me tilbake til Lima.
Dag 17. Hjemreise
På formiddagen køyres me til flyplassen i buss og startar på turen heim att.
TRANSPORT
Fly over Atlanteren til Lima, hovedstaden i Peru. Me flyr med innanriksfly av høg standard innanriks i Peru. Også busstransport er av relativt høg standard, med fokus på sikkerheit og komfort. All busstransport er med privatbuss kun for vår gruppe. Motorisert kano innover i Amazonas-jungelen.
OVERNATTING
Alle hotell er av relativt god standard. I Amazonas-jungelen bur me i bungalowar med utsikt rett ut i jungelen, og med toalett og dusj på kvart rom. På Inka Trail bur me i 2-mannstelt (3 netter).
MAT
Maten i Peru er for det meste som du er vant med frå Noreg eller på tur i Europa. Frukosten er typisk litt enklare enn kva me nordmenn er vant med. Når me går Inka Trail har me med eigne kokkar som tryllar fram dei utrulegaste rettar. I Amazonas-jungelen er også maten av god hotell-standard.
FYSISK FORUTSETNING
Du må vera i god fysisk form for å gå Inka Trail, dvs. at du ikkje har problem med å gå ein roleg fjelltur på mange timar i fleire dagar etter kvarandre. Dag to og tre er lange og det er ein del høgdemeter opp og ned (dag tre er det f.eks. 1200 høgdemeter opp). Stien er svært god, men terrenget er til tider veldig kupért og mange av høgdemetrane opp og ned går i steintrapper. Høgdeskrekk er ingen problem på denne turen – stien er aldri eksponert eller skummel. Bærarane våre tar seg av bagasjen, du sjølv bærer kun ein lett dagstursekk. Temperaturen er stort sett behageleg på dagtid (shorts og t-skjorte), om natta kan den av og til falle under 0 grader. Været er som regel fint med lite nedbør, men det kan sjølvsagt regne også her.
Dersom du ikkje er fysisk i stand til å gå sjølve Inka Trail, kan du likevel vera med på turen. Du vil då ha eit alternativt program dei tre dagane dei andre vandrar langs Inka Trail, for så å møte dei den fjerde dagen når dei kjem fram til Machu Picchu. Du vil altså få oppleve Machu Picchu på akkurat samme måte som dei som har gått Inka Trail. Det alternative programmet består blant anna av eit besøk i berømte Sacred Valley.
AVREISE: 14. oktober 2027 – 18 dager
Pris per person fra kr 67 900,- i dobbeltrom
PRISEN INKLUDERER
- Norsk turledar (Jarle Trå) + lokal guide som har jobba for meg i 18 år…
- Fly tur/retur frå Gardermoen
- Alle innenriksfly i Peru
- All transport i Peru
- Alle hotellovernattingar i delt dobbeltrom
- Alle måltid på Inka Trail og i Amazonas
- Alle frukostar
- Alle tillatelsar og parkavgifter
- Alle utflukter og severdigheiter med engelsktalande guide
PRISEN INKLUDERER IKKJE
- Evt. tilslutning til Gardermoen (og evt. overnatting i forbindelse med dette). Eg kan organisere dette for deg dersom du ønsker det.
- Tips til lokale guidar, kokkar og bærarar (140 – 190 dollar, avhengig av gruppestørrelse)
- Flytur over Nazca-linjene (ca. 370 dollar)
- Dagstur til Rainbow Mountain (ca. 100 dollar, avhengig av gruppestørrelse)
- Lunsjar og middagar i Lima, Cusco, Ica og Puno
- Drikkevarer
- Evt. enkeltrom
