– Ikkje ver drittsekk på butikken!
KOMMENTAR: Om det stemmer at enkelte eldre folk er dritsekkar mot butikktilsette, då er det på tide at vi tek oss saman, skriv vår nye spaltist Jan Per Styve.
Det står om det på nettet, og mange unge snakkar om det: At enkelte eldre folk oppfører seg dårleg mot dei tilsette i butikkane, medan dei unge stort sett er hyggelege. «Hvorfor er noen gamle folk komplette drittsekker mot butikkansatte?», er ei av overskriftene på nettet.
Og – han som skreiv dette definerte gamle folk som 50+. Heldigvis legg han til at folk i denne aldersgruppa også kan vere «de hyggeliste menneskene du noen gang vil møte».
Eg trur ikkje at eg høyrer til i gruppa gamle, gretne gubbar. Men eg må innrømme at eg i det siste har blitt ekstra nøye med å smile og vere hyggeleg når eg er på butikken. Særleg etter at eg forhøyrde meg med ei ung jente eg kjenner som jobbar deltid i ein matbutikk.
Ho la ikkje fingrane imellom. Enkelte eldre folk kan vere skikkeleg sure mot ho i butikken. Ho kvir seg nesten når ho ser dei i kassakøen. Ein suring presterte å be ho smile meir då han kom i kassen til ho med varene sine. Sjølv hadde han klistra på seg det suraste ansiktet han kunne få til. Men han nærast kommanderte ho til å smile.
Eldre menn er verst, la ho til. Nokre av dei svarar ofte ikkje når ho seier hei, og gryntar berre når ho spør om dei vil ha kvittering. Spør ho om dei skal ha pose, svarar dei gjerne berre sjølvsagt eller eit bryskt nei. Dei oppfører seg rett og slett dårleg.
Eigentleg burde ikkje slike fått lov til å gå aleine i butikken, tenkjer eg – dei burde vere pålagt å ha med seg eit barnebarn som kunne sjå til at dei oppfører seg.
Ho også definerte eldre som 50+. Eg vågde ikkje spørje om dei vart verre dess eldre dei var. Men ho understreka heldigvis at det er svært mange eldre som er skikkeleg hyggelege som kundar. Det er absolutt ikkje fleirtalet som oppfører seg dårleg. Men det merkast så godt når dei sure kjem med varene sine i kassen.
Jan Per Styve
76 år. Enkemann med to vaksne gutar. Fødd i tekstilbygda Dale, bur no i Bergen saman med hunden Pablo i eit hus frå 1798. Utdanna statsvitar. Yrkesbakgrunn: Leiarstillingar i offentleg forvaltning og forsking.
Dei unge er ikkje slik, fortalde ho. Dei oppfører seg skikkeleg, og er både blide og høflege.
Slik kan vi ikkje ha det. Vi må ta oss saman! Forventar vi at dei tilsette i butikkane skal behandle oss høfleg og hyggeleg, så må vi gjere det same mot dei. Mange av dei er unge, og er ute i sin aller første jobb. Dei har enno ikkje fått på seg det panseret som trengst for å klare seg i eit røft arbeidsliv.
Kanskje har vi ikkje nok respekt for desse jobbane? Altfor lenge har vi latt det passere at «i kassa på Kiwi» blir brukt som uttrykk for ein jobb på bunnen av rangstigen. Tar du ikkje utdanning, eller du sluntrar unna jobben din, kan du ende «i kassa på Kiwi», blir det av og til sagt.
Vi bør skjemmast. Å operere kassen i ein matbutikk er både krevjande og slitsamt. Dei skal halde hovudet kaldt når køen veks, gi service og smil til kundane – og handtere system og kodar vi er lykkeleg uvitande om. Dei treng både kompetanse og sjølvkontroll, og dei fortener respekt for jobben sin.
Hugs på at det kan vere din komande fastlege, advokat eller heimesjukepleiar som sit der i kassen. Mange studentar har nemleg deltidsjobb i butikken der du handlar mjølk, brød og fiskepudding.
Kanskje det er han karen du var sur mot i butikken i går, som kjem som heimesjukepleiar til deg neste år? Då får du håpe at han ikkje hugsar kor dårleg du oppførte deg mot han i kassen.
Eller du oppdagar at din neste fastlege er ho du var skikkeleg ufin mot i butikken før jul i fjor. Då kan det jo hende at ho knip litt ekstra hardt når ho skal undersøkje deg.