Er pensjonistar avfeldige, utlevde og tilårskomne?
Kvifor blir alle over 60 plasserte i same bås? VI OVER 60-spaltist Jan Per Styve har aldri heilt forsona seg med merkelappen «pensjonist» og stiller spørsmålet om det ikkje er på tide å sjå dei eldre som meir enn éi stor og grå gruppe.
Eg valde eit fritt liv framfor jobben alt då eg var 63 år. Etter eit yrkesliv i krevjande leiarjobbar, ville eg unne meg det. Og eg har aldri angra – heldigvis. Men – heile tida har eg slitt med å venne meg til å bli kalla pensjonist. Eg gjer det framleis. Pensjonist betyr nemleg at ein er blitt gamal og no høyrer til gruppa eldre – ei gruppe som spenner frå litt over 60 år til 100 år.
Er det der eg høyrer heime? Er det ikkje litt forskjell på meg og tanta mi på 95 år? Det verkar ikkje slik når ein les og høyrer om dei eldre. Ingen skil mellom unge eldre og gamle eldre. Vi er alle i den fæle eldrebølgja som truar med å skylje inn over land og rasere økonomi og velferdsordningar i landet vårt.
Vaksen er ei stor gruppe. Men før du er vaksen er du i barnegruppa i berre 10-12 år. Så er du ungdom i 6-7 år, før du går inn i den store vaksengruppa – dei yrkesaktive. Då er det vel litt urimeleg at ein etterpå kjem inn i ei eldregruppe som spenner over om lag 40 år – utan noko oppdeling i undergrupper?
I vaksengruppa blir dei omtala som 30-, 40- og 50-åringar. Dei blir omtala som røyrleggarar, sjukepleiarar, bussjåførar og direktørar. Men i eldregruppa er vi berre eldre – og vi er visst alle like.
Eg søkte etter synonym for ordet eldre, som kanskje kunne gi meg idear til andre namn på oss, og kanskje dele oss opp på ein eller annan måte. Men då oppdaga eg at alternativa var endå verre. Det kom opp ord som avfeldig, tilårskomen, utlevd, grånet, gamlis, olding, gamlefar og gamlemor.
Elles takk, då vil eg heller bruke senior. Eg innbiller meg at senior helst blir brukt om eldre under 80 år. Og i arbeidslivet er seniorrådgjevar visstnok ei gjev stilling. Så kanskje vi eldre også kan begynne å kalle oss seniorrådgjevarar? Vi har jo mange gode råd å gi.
Men elles er det no ikkje så gale å vere litt tilårskomne. Vi treng ikkje kjenne på press frå ordføraren om å auke folketalet i kommunen. Ingen spør oss om å bli med i FAU. Vi slepp å skifte batteri i vekkarklokka, og når vi ser i klesskapet – så ser vi at vi har meir enn nok. Vi treng heller ikkje lenger berre spise sunt. No gjeld det heller å få i seg rikeleg med konserveringsmiddel, slik at best før-datoen vår blir langt fram i tid.
Vil vi skjule alderen vår, så gjeld det å passe på språket. Ord vi brukar kan lett avsløre kor gamle vi er. Hugs på at det ikkje lenger heiter noteringsoverføring, retningsnummer, strekkbukse, lønningspose, beksømsko, blåpapir, festtelegram, sjekkhefte eller postsparebankbok.
Og om de damer kjenner at de har fått litt problem med hoftene, så trur eg ikkje de skal spørje etter hoftehaldar. Det finnst visst ikkje lenger. Men før i tida var det nesten ingen damer som våga seg ut av huset utan hoftehaldar. Eg lurte lenge på om det var fordi hoftene elles ville falle av. Det skulle tatt seg ut. Men eg kan ikkje hugse at eg i min barndom nokon gong fann lause hofter i vegkanten.
Ikkje spør etter Globoid eller Norske Trekningslister heller. Og skal de kjøpe ny bil, så ikkje spør kor askebegeret er eller om du kan bruke Knipetak om vinteren. Pengelotteriet får de heller ikkje kjøpt lodd i lenger – verken heillodd eller halvlodd. Og om du som mann er på leiting etter ein ny dress, så heiter det ikkje herreekviperingsbutikk lenger.
Eg veit ikkje om han brukte Globoid den karen frå Hardanger som var blitt 104 år. Men han vart sjølvsagt spurt om han hadde gode råd til dei som gjerne ville bli så gamle. – Å, sa han. Det gjeld no berre å ta tida til hjelp.
Jan Per Styve: 76 år. Enkemann med to vaksne gutar. Fødd i tekstilbygda Dale, bur no i Bergen saman med hunden Pablo i eit hus frå 1798. Utdanna statsvitar. Yrkesbakgrunn: Leiarstillingar i offentleg forvaltning og forsking. janperstyve@gmail.com