REISEGØY: Innholdsrike turer som tar utgangspunkt i hobbyen og interessen til godt voksne. KLIKK HER!

elderly,couple,kissing,in,the,garden,on,a,sunny,day

Er du opptatt av kor mange bakteriar det er i eit kyss?

KOMMENTAR: Er du typen som bekymrar deg for bakteriane i eit kyss, eller gleder du deg over sjølve kysset? I denne humoristiske refleksjonen om optimistar og pessimistar, utfordrar VI OVER 60-spaltist Jan Per Styve oss til å møte livet med litt meir forventning og litt mindre frykt.

Tekst: Jan Per Styve Foto: NTB

Er du opptatt av kor mange bakteriar det er i eit kyss? Er svaret ja på spørsmålet? Då er du ein ekte pessimist. Du fryktar det meste. Du blir endåtil ekstra bekymra når det ikkje er meir du kan bekymre deg for. 

Du ventar ikkje på sola, men på at det skal begynne å regne. Skal du gå over ei einvegskøyrd gate, ser du i begge retningar før du går over – endåtil om gata er einvegskøyrd. Er det delvis skya, tar du med paraplyen sjølv om sola skin.

Men du er ikkje aleine – du er i selskap med mange. Sunnfjordingane klarar til dømes ikkje gleda seg over finveret. Vi får det nok att, seier dei – og reknar med at det blir regn i morgon. Når ein pessimist blir invitert i besøk til naboen, gruar han seg straks til at han må invitere naboen neste gong.

Og ja, det er faktisk mange bakteriar i eit kyss. Eit intimt tungekyss på ti sekund kan overføre opptil 80 millionar bakteriar. Men det går no likevel an å gle seg over den gode kjensla kysset gir. Og kroppen din taklar fint å få litt tilskot av nye bakteriar. Det er berre kjekt med litt fornying og forandring, tenkjer den sikkert.

Kanskje du skal prøve å tenkje litt meir positivt resten av året – kanskje endåtil bli optimist? Det kan til dømes vere lurt å gle seg til høstferien på førehand. Blir det ein dårleg ferie, så har du i alle fall hatt glede av å gle deg i vekene før. Og blir det ein fin ferie, så har du fått dobbel glede.

Optimistar har det kjekt heile tida. Alt går bra til slutt, seier dei. Er det ikkje bra, så er det ikkje slutt, meiner dei. Dette har eg ikkje prøvd før, så det klarar eg sikkert, sa Pippi Langstrømpe. Dei mest ekstreme optimistane har visst endåtil epost-adressa si på gravsteinen. 

Og sjølvsagt løyser dei kryssord og sudoku med kulepenn. Nokre av optimistane har det med å tru at kona avsluttar telefonsamtalen når ho seier ha det. Når dei har sett eit elendig program på fjernsynet, trur dei at reprisen blir betre. 

Men optimistar kan visst av og til bli så skuffa at dei snur om til å bli pessimistar. Dei største pessimistane er visst nettopp tidlegare optimistar. Kanskje ein pessimist rett og slett er ein optimist med erfaring?

Av og til står vi framfor vanskelege val. Det er sjeldan vi må velje mellom pest og kolera, men det kan vere at uansett kva vi satsar på så er det lite bra. Dei verste pessimistane har det visst slik at om dei må velje mellom to onder, så vel dei like godt begge.

Nokre hevdar at det var ein optimist som fann opp flyet. Men fallskjermen var det sjølvsagt ein pessimist som fann opp.

Eg meiner det er best å møte dagen med eit opent sinn – med forventningar om at dette blir ein god dag – at noko spanande kanskje kjem til å skje. Av og til synes eg at eg kan sjå på folk om det er slik dei tenkjer. Enkelte går med hovudet litt senka, kroppen litt framoverbøygd og ansiktet lukka – som om dei førebur seg på at det verste kan skje når som helst.

Andre viser eit levande ansikt, spanderer kanskje eit smil på dei som passerer – og viser med heile seg at dei er klare til å ta imot dagen med eit positivt sinn.

Eg må innrømme at eg er mest optimistisk litt utpå dagen, og aller mest om kvelden. Eg treng litt tid om morgonen for å kome i slag – og for å finne og aktivisere alle dei positive tankane. Ikkje det at eg er morgon-pessimist, eg er berre litt introvert den første halvtimen. Eg trur ikkje eg er aleine om å ha det slik. 

Det beste er kanskje å vere realist, med ei høveleg blanding av optimisme og pessimisme? Men eg trur no at optimistane har det kjekkast.

Jan Per Styve: 76 år. Enkemann med to vaksne gutar. Fødd i tekstilbygda Dale, bur no i Bergen saman med hunden Pablo i eit hus frå 1798. Utdanna statsvitar. Yrkesbakgrunn: Leiarstillingar i offentleg forvaltning og forsking. janperstyve@gmail.com