Om prislappar og halv pris i butikken
Det er altfor lett å endre prisane i matbutikken, meinar spaltist Jan Per Styve. Han vil gå tilbake til dei manuelle prislappane for å stoppe prisgaloppen. Og kva med alle to-for-ein-tilboda? Kvifor får ein ikkje då den eine til halv pris?
Det er nett ikkje lett å halde styr på kva kaffien, fiskepuddingen eller appelsinjuicen kostar. Du sjekka kanskje då du var på butikken i går, men i dag kan prisen vere ein heilt annan. Mest sannsynleg dyrare.
Eit lite tastetrykk på ein pc ein eller annan stad, så er prisen endra på dei små brikkene som står på hyllekantane. Desse som gjer at du støtt lurar på om du treng nye briller. Eller som minner deg om at knebøy ikkje er like lett som før.
Så lett er det i dag å endre prisane på varene i butikken. Eit eller anna menneske på ein PC – ein eller annan stad, i Oslo kanskje – kan med eit tastetrykk gjere middagen din dyrare. Ikkje rart at prisane stadig går oppover, nærast frå dag til dag.
Men eg har ei løysing på korleis vi kan stoppe denne prisgaloppen. Vi kan pålegge butikken å gå tilbake til den gamle ordninga – med å sette prislapp på kvar vare. Kvar gong prisane skal endrast, må dei sette på nye prislappar – på kvar einaste vare. Då trur eg dei vil tenkje seg om to gongar før dei kjem på å endre prisane.
Ikkje kan dei rekne rett lenger heller. I alle fall reknar dei ikkje slik eg gjorde på skulen. Eg lærte at ein er halvparten av to. Men slik er det visst ikkje lenger.
Derfor har eg no skuffa full av te. Mykje meir enn eg treng. Ikkje fordi eg har latt meg lure av gode tilbod eller fordi eg har hamstra. Men fordi butikken selde to pakker til prisen av ei pakke. Då måtte eg jo berre slå til.
Men først spurte eg om det då vart halv pris om eg berre tok ei pakke? Dama forsto visst ikkje – så eg måtte forklare, nokså detaljert faktisk – at sidan den prisen var for to pakker, så kosta vel ei pakke halvparten?
Nei, slik er det ikkje – det blir same prisen om du kjøper ei eller to pakker, svarte ho. Ho sa det på ein slik måte at det verka som ho tykte eg var dum som ikkje skjøna dette.
Det har skjedd meg fleire gongar. På apoteket fekk eg to tubar av solkremen min til prisen av ein tube. Heller ikkje då nådde eg fram med det enkle reknestykket eg lærte på skulen, at ein er halvparten av to. Neidå – det vart same prisen om eg kjøpte ein eller to tubar.
Heldigvis vart det bra med sol i sommar, så eg fekk bruk for begge tubane. Men eg funderte lenge på om dei på apoteket klarar å rekne rett når dei skal dele ut tablettar på resept. Eg får håpe dei ikkje då seier at to er det same som ein?
Snart skal eg ha meg nye briller. Der kjem det same til å skje. Dei tilbyr to par briller til prisen for eit par. Slik har det vore lenge. Då lyt eg vel kjøpe to då.
Men i motsetnad til solkrem og te, så klarar eg ikkje bruke opp to par briller – uansett kor dårleg eg ser. Og tek eg på meg begge brillene, ser eg endå dårlegare. Den einaste fordelen med to par, er at det er dobbelt så stor sjanse for å finne att brillene når eg leitar.
Forresten – eg har jo alltid brillene på meg. Men det hender likevel at eg er på brilleleiting. Då kan det vere greitt å ha eit par til. Når eg set dei òg på meg, oppdagar eg i alle fall kor brillene mine er. Trur eg.
Litt rart forresten at vi seier eit par briller, og ikkje berre ei brille. Er det fordi det er to glas på dei? Men det må det jo vere – vi vil jo sjå med begge augo, sjølv om vi ser akkurat det same med begge.
Eg trudde elles at butikkane var ute etter å få oss til å betale mest mogleg. To for ein er jo det motsette. Men dei har nok ein baktanke med dette. Det er sikkert for å forvirre oss såpass at vi neste gong bit på eit tilbod om to for tre. Dei er truande til det.
Jan Per Styve: 76 år. Enkemann med to vaksne gutar. Fødd i tekstilbygda Dale, bur no i Bergen saman med hunden Pablo i eit hus frå 1798. Utdanna statsvitar. Yrkesbakgrunn: Leiarstillingar i offentleg forvaltning og forsking. janperstyve@gmail.com