Han trudde han var gammal
Kristoffer Igland trudde han var ein gammal mann då han fylte hundre. Inntil han sette seg til middagsbordet på «Klokkartunet» i Davik og helste på borddamene sine.
- Denne artikkelen:
- Kommenter
- Tips en venn
- Bokmerk
- Skriv ut
- Rediger

Johanne Åse er 102, Kristoffer Igland er 100 og Ingeborg Holm er 105. Tekst og foto: Kjell Askeland
Mellom mennesker
07. september 2010
God dag, kor gammal er du, spør Kristoffer og vender seg til venstre.
– Eg er so gammal at eg veit snart ikkje kor gammal eg er, kvitrer ei humørfylt lerke. – Eg var til Bergen og feirte 105 nyleg. Ho sprutar ut i latter og tek handa for munnen.
– Gratulerer! Kristoffer retter ut handa og rister godt i Ingeborg Holm si.
Han vender seg til høgre. Der sit Johanne Åse. – Kor gammal er du, då?
– Å, eg vert berre 102 til sommaren, kjem det muntert frå den sida.
– For eit hendelse, utbryt Kristoffer. – Det er jammen heilt storarta å sitje her mellom to 100-åringar. Kristoffer kjem med høgrehanda til nok ein gratulasjon.
– Godt sagt, repliserer 105-åringen. – Og du er berre ungdomen.
Ingeborg ler så ho må stø seg til armlenet.
– Dette hadde eg aldri tenkt i ungdomen, at eg skulle verte 100 år, held Kristoffer fram. – Det er blitt mange begivenheter for oss som er 100 år.
– Ja, når vi er over hundre år har vi fått med det meste. Tida går, den, konkluderer Ingeborg og spør Kirstoffer etter alderen.
– Eg fylte hundre år no i mars, er svaret frå den gamle fiskaren frå Igland på Bremanger.
– Eitt hundre? Det er no bra det òg, humrar 105-åringen.
– Og du er åndsfrisk, vil han vite.
– Ja, eg har vorte testa og har alle sansane i behold. Syn, lukt, smak, følelse og hørelse.
Ingeborg Holm kjem frå Hennøystranda, Kristoffer Igland har budd på Hauge og Johanne Åse i Davik. Sidan 1964 alle tre i same kommune, Bremanger.
Nokre meter unna fører eg ei lågmælt samtale med ein tilsett, og nemner den spreke 105-åringen Ingeborg.
– Eg høyrer bra, høyrer det meste. De lure ikkje meg, kjem det frå 105-åringen.
Ingeborg lever utan briller og høyreapparat. Då ho nyleg var i Bergen og feirte 105-årsdagen kom ho heim klokka halv fire om natta. Ein time seinare ville dottera Randi (80) at dei skulle gå til ro. – Berre legg deg du, eg vil sjå litt meir på presangane og lese gratulasjonskort, svarte jubilanten...





0 Kommentarer
Kommenter