REISEGØY: Innholdsrike turer som tar utgangspunkt i hobbyen og interessen til godt voksne. KLIKK HER!

Olav Stedje – stemmen fra Sogn

Han gøymde seg bak sceneteppet fyrste gong han song med eit band. No er scena den staden han trivst aller best.

Han gøymde seg bak sceneteppet fyrste gong han song med eit band. No er scena den staden han trivst aller best.

Tekst: Gro Berntzen, foto: Helge Jørgensen
Første gang publisert i VI OVER 60 desember 2013

Sjenansen frå ungdomsåra har han lagt vekk, men han er framleis ingen «sjå på meg»-kar, som den gode venen Finn Tokvam formulerer det. Framleis er Olav Stedje beskjeden, og det er kjærleiken til songen og musikken som har ført han til scena. Han forstår ikkje dei som er mest opptekne av å visa seg fram.

– Desse kjendisgreiene er ikkje så nøye for meg, tykkjer eg. Musikken er drivkrafta.

Og vi trur han, for når sant skal seiast er det stemma og songane han syng, vi kjenner best. Gjennom ein karriere som strekk seg enda lenger tilbake enn til debutplata Ta meg med i 1981, har han vore ganske privat. Men den vakre røysta si har han heldigvis delt med oss, slik at både kvinner og menn er blitt mjuke om hjarterøtene. Ikkje minst når han har framført Vi vandrar saman, den songen han kanskje er blitt aller mest kjent for i tillegg til Ein nordmann sin draum.

OLAV STEDJE
• Fødd 8. juni 1953 i Sogndal
• Bur i Bærum med sambuar Marith, to barn, to barnebarn
• Debuterte med plate­albumet Ta meg med i 1981
• Har gitt ut 13 album sidan då
• Vant Spellemannprisen i 1982
• Har hatt ei rekkje slagarar på Norsktoppen
• Mottok Medaasprisen i 2008
• Mottok Lutt sin heiderspris i 2011
• Aktuell med albumet Vest for verdas ende.

Han har gjeve ut mange plater sidan, og i haust kom Vest for verdas ende, med heilt ferske låtar og tekstar. Likevel vil publikum framleis høyra dei gode, gamle. Blir han ikkje lei?

– Nei, eg synest det er flott at det er nokre songar folk vil høyra om att og om att. Det er ein del artistar som fornektar fortida og ikkje orkar å spela gamle låtar, men eg er privilegert som har nokre slike melodiar som folk hugsar.

– Du er litt retro, på ein måte?

– Ja, og eg liker det.

Han sit i ein raud sofa og smiler lurt mens han stryk på den kjende barten sin, den som voks fram i 1977 og som han berre har teke bort ein gong sidan.

– Då blei kjærasten min så forskrekka at eg fekk han fort på att. Barten blei eit slags varemerke for meg. Ei tid brukte eg bartevoks, men då var han mykje lenger enn i dag, seier Olav Stedje medan han drar fingrane over dei tettvakse håra under nasen og smiler på nytt.


Det vekte oppsikt då Olav Stedje kom inn på den nasjonale arenaen for over 30 år sidan. Med si mjuke stemme formidla han melodiøs pop, ikkje på engelsk, men på nynorsk! Love blei til kjærleik. Kunne det bli vakrare?

– Var du ikkje den første popsongaren som brukte nynorsk?

– Jau, sånn bortimot i alle fall. Eg må få berømma brødrene Trygve og Ove Thue, for dei song litt på nynorsk i SAFT.

Sjølv har han aldri vore militant målmann, men har alltid brukt dialekten sin og skrive nynorsk.

– Det er naturleg for meg og ein del av meg, men eg har aldri stått på nokon barrikade når det gjeld språket. Indirekte har eg gjort det ved å snakka dialekta mi og syngje på nynorsk. Det viktigaste du gjer, er å bruka språket ditt viss du vil at det skal bli verdsett og marknadsført. Eg var så heldig at eg kom til byen då det var lov å bruka talemålet sitt. Det låg i tida: «Snakk dialekt, skriv nynorsk.» Nokre tiår før var det verre.

Han har berre fått ros for målet sitt, men viss folk snakkar for nedsettande om nynorsken, liker han å ta til motmæle.

– Eg vil sitere Finn Tokvam. Han sto ein gong på eit pissoar der sidemannen sa: «Jeg hater sidemål.» «Eg og,» sa Finn, og den andre skjøna ikkje kva han meinte med det.

Olav Stedje fekk sogndalsdialekta inn med morsmjølka og voks opp på den sida som vert kalla Øyadn-sida.

– I ei tid då det var uvanleg at mødrer jobba, var mor mi ansatt på trygdekassa i Sogndal, og far var målarmeistar. Eg hadde det trygt og godt. Heimbygda mi var ein flott plass å vekse opp i, og den gongen kjende eg dei fleste. Det gjer eg ikkje no.

Ikkje så rart, for det er 36 år sidan han flytta. Han har budd mange år i Bærum med sambuaren Marith, og både sonen, dottera og dei to barneborna bur austpå. Likevel er han ofte innom Sogndal, der mor hans på 90 år framleis held til i barndomsheimen, og der den eldre broren underviser på den vidaregåande skulen.

Er det heimekamp for fotballaget, kan han koma gratis inn fordi han har skreve kampsongen Stao no pao. Likevel snik han seg til å betala for å støtta laget. «Det er Olav i eit nøtteskal,» seier venene hans. Dei har han mange av. «Vi er heldige som får kjenne denne blide mannen. Han er sine veners ven, og mange av oss er blitt vener gjennom Olav.»

Då han fylde 60 år i juni, samla han rundt 60 av dei til ein storstilt feiring på eit hotell i Gibraltar. Det vart ein storslagen og morosam fest. Nokre av venene som var der, som til dømes Svein Dag Hauge, har han kjent sidan ungdomstida.

At han hadde ein framifrå røyst, oppdaga familien tidleg. Begge foreldra var med i Sogndal musikklag. Då Olav var sju år og speidarane hadde juletrefest, drog dirigenten den ljoshåra guten med den vakre røysta opp på scena. Han song Eventyrvisa som blei populær gjennom Toya-filmen: «Kom alle sammen bli med, til eventyrland for å se.»

I ungdomstida fekk Stedje-brørne ein gitar, og broren kjøpte eit gitarkurs som kom i form av eit hefte kvar månad. Slik lærte Olav seg å spela, men då nokre eldre kameratar danna eit rockeband, var han enno ikkje god nok som gitarist.

– Men dei hadde fått med seg at eg kunne syngje, og det var fyrste gong på scena med dei at eg var for sjenert til å visa meg fram.

Han ler godt og lenge ved tanken på den spesielle framsyninga då han var 15-16 år.

– Eg trur nok det er mange som kan kjenne seg igjen i kjensla av å ha ein dragning mot scena og eit ønskje om å uttrykkje seg der, men samstundes vera frykteleg sjenert. Etter kvart er eg blitt meir komfortabel med å stå på ei scene. No er det noko av det aller kjekkaste eg gjer.

Etter kvart kom han fram på scena med både song og gitar i bandet som heitte Compact. Dei framførte coverlåtar av amerikanske rockeband som Three Dog Night og Uriah Heep.

– Vi som budde på Vestlandet, høyrde mykje på Radio Luxembourg og Radio Carolina. Sidan vi ikkje fekk inn svensk radio, blei det mindre svensk­toppar og danseband og meir rock og annan utanlandsk musikk. Det begynte med ein del engelske band som Hollies. Seinare blei det Crosby, Stills, Nash & Young, og James Taylor har eg høyrt mykje på.

Det blei mykje speling med Compact medan han gjekk på vidaregåande i Sogndal og då han studerte til førskulelærar i Bergen.

– Var det ikkje, til liks med det å verta nynorsk popsongar, ganske modig av deg å velja ei slik typisk kvinneutdanning?

– Nei, eg tykkjer ikkje det. Det var på den tida det byrja å bli populært for gutar å søkje denne utdanninga. Vi var tre gutar i klassen, og diverre trur eg ikkje det er fleire i dag. Det har vel noko med løn å gjera, og det er synd. Eg trur det er mange gutar som kunne ha likt det om dei hadde prøvd.

– Med gitaren og songen blei du vel ekstra populær i barnehagen?

– Eg trur kanskje det.

Alt han seier, kjem varsamt, nølande og med det lune smilet som følgjesvein.

Olav Stedje omtalar seg sjølv som ein glad gut. Han har ikkje for vane å sjå så mørkt på tilværet, men dei spisse olbogane er han ikkje utstyrt med. Draumen om å leva av musikken og songen hadde han alt i Bergen, men andre måtte bana litt veg.

Då gullstrupen frå Sogndal flytta til Oslo og fekk jobb i Røtvedt barnehage i Grorudalen, hadde Svein Dag Hauge, gitaristen og kameraten frå Compact, blitt med i popgruppa Lava og var i tillegg med i bandet til Alex. Ein dag i studio tok han med ein kassett som Olav Stedje hadde sunge inn på, til Audun Tylden. Den legendariske plate­direktøren med farsrøter i Sogn blei straks overtydd om at denne røysta måtte på plate. Hauge har sidan vore produsent for han ei rekkje gonger og har skrive både låtar og tekstar til mange av songane som er blitt kjente og kjære.

Debutplata ga fleire plasseringar på Norsk­toppen med Vi vandrar saman og Når ho er hjå meg. Suksessen var eit faktum. Platene følgde på rekkje og rad utover 1980-talet, og i 1982 fekk han Spellemannprisen.

Sidan har han gjort suksess både aleine og saman med mange kjende musikarar, og for nokre år sidan song han Svart Rose for heltane Jackson Brown og J. D. Souther slik at dei vart bergtekne.

Når karrieren har vore i ei bølgjedal, har han ikkje kvidd seg for å ta andre jobbar. Som førskulelærar ga han seg midt på 1980-talet. Sidan har han vore musikklærar og jobba innan skulefritids­ordninga, men dei siste åra har karrieren fått eit oppsving. Ikkje minst takka vere samarbeidet med Finn Tokvam og Halvor Folgerø i Radio Røynda og seinare supplert med Ragnar Hovland og Claus Sellevold i Vestlandsrevyen. Etter urpremieren i 2008 blei revyen ein stor suksess på Vestlandet i lange tider.

– Det er noko eige med vestlendingar når dei finn saman. Det har vore moro å stå på scena med dei andre kompisane i Vestlandsrevyen. Det er ein flott gjeng. Vi har funne ein humor og ei slags vestlandstone. Spela kvarandre god er noko som vi musikarar kjenner godt til, og som gjer det moro­samt å vera på ei scene saman med andre.

I Vestlandsrevyen fekk publikum verkeleg sjå korleis han koste seg på scena og baud på den lune humoren. Som anglofil liker han det som der vert kalla «understatement».

– Eg trivst i England og særleg på den engelske landsbygda, med dei lokale pubane og det rolege landskapet.

Vi får det til å passa godt med artisten som elles er glad i å farta rundt om i landet vårt, både aleine med kassagitaren, med karane i Vestlandsrevyen eller andre musikarvener. Han er ein framifrå sjåfør og er nysgjerrig på alt som møter han på vegen. Berre ein ting irriterer: Andre sjåførar som ikkje bruker blinklys. Før var han sint for at Sogn og Fjordane ikkje hadde vinmonopol, men den kampen er vunnen for lengst. No kan han lett stelle i stand den årlege vinfestivalen med kameratar på småbruket som sambuaren Marith har arva i Jølster. Der kosar han seg elles når heile familien er samla og han kan få snikra litt, hogga tre og leika med barneborna på seks og tre år.

– Eg liker å leika og håpar at eg ikkje blir for gammal til akkurat det, seier Olav Stedje som ikkje har forandra seg mykje sidan ungdommen.
– Eg trur kanskje at ein held seg ung ved å få gjera det ein liker aller best.